myrkdalen-portal

Varslingsbrev

Oppstart - Endring av detaljreguleringsplan

I samsvar med plan- og bygningslova §12-8 vert det med dette varsla at Myrkdalen Fjellandsby AS set i gang arbeid med endra detaljregulering for deler av gnr./bnr. 274/1 og 274/3 m.fl., Myrkdalen i Voss herad.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for endringar av planlagt bygningsmasse, bl.a. med etablering av nytt velkomstsenter og daglegvarebutikk. Det vil og bli gjort endringar i veg- og trafikksystemet. Samla utnytting vil bli om lag som i gjeldande plan. I vedlegget er det gjort nærare greie for endringane i høve til gjeldande reguleringsplan.

Varslingsområdet er om lag 150 dekar. Planområdet kan bli noko mindre enn varslingsområdet etter at vegløysingar er avklart. Planen er vurdert etter §6 og §8 i forskrift om konsekvensutgreiingar, og det er so langt konkludert med at planen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing.

I samband med varslinga vil det den 30. november kl. 19:00-21:00 bli halde eit ope informasjonsmøte på Myrkdalen hotell, der det og vil bli høve til å stille spørsmål om planane.

Det vil og bli høve til å ta del i møtet på Teams. Dei som ynskjer dette kan melde seg på Teamsmøtet til planeigar Myrkdalen Fjellandsby AS v. Nils Akselberg på e-post: nils.akselberg@myrkdalen.no. Frist for påmelding til Teamsmøtet er måndag 29. november. Det vert sendt ut link til møtet like før møtestart.

Spørsmål og innspel til planarbeidet kan sendast til:

COWI AS v. Gunnar Stenvik, Postboks 6412 Etterstad 0605 Oslo, eller som e-post til: gms@cowi.no.

Varseldokumenta er og å finne på Voss herad si heimeside www.voss.herad.no under kunngjeringar.

FRIST FOR MERKNADER ER: 17. desember 2021

Alle innspel og merknader vil følgje planforslaget når det leverast til kommunen. Etter at merknadsfristen er ute vil sjølve planforslaget bli utarbeida, for så å bli sendt til Voss herad for sakshandsaming. Etter første gangs handsaming i heradet blir planframlegget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då bli anledning til å koma med merknader og innspel til planforslaget før vidare politisk handsaming.