
Forseinking av nye heisar
Grunna lang behandlingstid frå NVE har ikkje byggjestart av dei nye skiheisane i Mørkveslia kome i gang som planlagt og heisane vil difor diverre ikkje vera klare til sesongstart. Me har no mottatt positivt svar frå NVE. Det einaste som gjenstår er eit siste nikk frå heradet, før me i løpet av dei komande vekene vil gå i gang med bygginga.
Traséen er rydda og heisen, med master og utstyr, er ferdig produsert og klar for transport til Myrkdalen. Om ikkje det skjer fleire uføresette hendingar, er byggetida estimert til om lag 3,5 månader. Heisen vil då stå klar til vinterferien.
I tida mellom sesongstart og heisopning vil me, som sist sesong, køyra buss frå Mørkveslia til Myrkdalen Hotel kl. 10.00 kvar laurdag og søndag samt i juleferien.